22.01—20.02.2011

Snøfrid Hunsbedt Eiene

strikk.jpg

Snøfrid Hunsbedt Eiene er kjend for sine fotorealistiske teikningar, men også for nonfigurative og abstrakte måleri og grafikkar. Utstillinga i Bryne kunstforening legg vekt på det abstrakte uttrykket hennar, med motiv inspirert av musikk og rytme.

 

Arbeida har begrepsområde som tone, klang, romligheit, valørar, djubde, pausar, undertonar osv. til felles med musikk. Kunstnaren arbeider ofte i serier. I utgangspunktet kan dei sjå ut til å ha forskjellige uttrykk, men har likevel prosessen og fokuset på det taktile til felles.

Arbeida er kjenneteikna av monokrome (bilete kor ein farge dominerer heilt) flater kor behandlinga av overflata gir bileta djupn. Oljemalinga er tilført bivoks som bindemiddel og utført lagvis. Bivoksen fremskundar tørketida og styrker oppbygginga av dei malte laga. Det gir ein spennande dynamikk i tilsynelatende einsfarga flater, kor motivet ligg skjult i dei forskjellige laga. 

Eiene arbeider skjematisk, ofte i regelmessige mønster kor uventa variasjonar og kombinasjonar av spor ligg i billedflata. Horisontale og vertikale linjer trer frem i rytmiske mønster, nokre gonger skapt gjennom farge og materiale, andre gonger ved hjelp av redskaper. Det nøyaktige handverket kan minna om prinsipp for handarbeid. Maleria er påførte eit lag med ferniss av bivoks som gir overflata eit preg av «hud» kor tida har satt spor. Effekten tilfører arbeida ei form for patina kor tidsaspektet vert understreka.

Previous
Previous

26.02 - 3.04.2011 Birgit Eide / Aud Bækkelund

Next
Next

27.11.2010—09.01.2011 Olav Garborg