26.02—03.04.2011
Birgit Eide og Aud Bækkelund
Memorat x 2
Et memorat kan beskrives som «en sagnaktig fortelling som bygger på personlige minner, om noe fortelleren hevder å ha opplevd” Kunstnarane deler eit ønske om å utforska og visualisera minne og inntrykk frå det som kan kallast ”det gjenkjennelege” i kvardagssfæren.
Birgit Eide og Aud Bækkelund arbeier med idèbaserte installasjonar som tar utgangspunkt i ein tekstil tradisjon. Bækkelund og Eide har ulik kunstnerisk tilnærming til prosjektet ” Memorat x 2”, noko som gjerutstillinga variert og med appell til eit publikum med stor aldersspredning.
Om Birgit Eides arbeid
Kunstnaren arbeider to- og tredimensjonalt i collage-teknikk, med brukte tekstil og andre objekter, med fargen som eit viktig element. Dette kombinerer ho med broderi, måleri og skulpturelle element. Utgangspunktet for kunstuttrykket er ofte ”lavstatusmaterialar”. Eide utforskar og visualiserar minne og inntrykk, og det me kan kalle ”det gjenkjennelige” i kvardagssfæra. Eit eksempel er gamle gryteklutar, forma og stiva med sukkerlake.
Materialar og objekt finn ho mest på loppemarknadar og i bruktbutikkar. Andre ser ofte liten verdi i slikt materiale, men Eide er fascinert av det ein kan finna der; - av det me kan kalla ”fortellinga” i brukte objekt, og av det vakre i det daglegdagse.
Kunstnaren er opptatt av kvinnetradisjonen og kvardagssfæra knytt til tekstil, og ho ønskjer å trekka fram det tidkrevande, anonyme og lite verdsatte håndarbeidet. Arbeida har sterke referanser til denne delen av kvinnehistorien. Viktig i den kunstnariske prosessen er det lekne, humor og nysgjerrighet.
Eide er òg opptatt av å trekke fram enkelte typiske og sentrale symbol brukt i kristen kunst og kultur, og då spesielt i kvardagssammenheng. Ho reflekterer rundt den kristne billedverda og kristen propaganda og identitet. Denne biletverda knyter ho så saman med tekstil tradisjon, til nye samanhenger.
Kvinners tekstile kvardagstradisjon kan vera gamle puter og gryteklutar. Kristen heimleg kvardagstradisjon er representert ved tekstilar og objekt med religiøse symbol og motiv, som jesusfigurar, madonna og barn, søndagsskulekort, kors og bibel.
I koplinga mellom kvinnetradisjon og kristne symbol trekk Eide fram det feminine og det maskuline i kristen religion, og gir høve til ei ny og annleis oppleving og tolkning.
Om Aud Bækkelunds arbeid
Kunstnarens vinkling til temaet Memorat er knytt opp mot tankar rundt eigen oppvekst og livet generelt. Med dette temaet utforskar og visualiserer ho minner.
Bækkelund ønskerå gi fantasien både muligheter og utfordringar. Dette gjeld både henne sjølv - i eigen arbeidsprosess, og på kva måte ho håper at arbeida skal framstå for publikum.
Bækkelund jobbar intuitivt. For det ferdige kunstverket er ho alltid ute etter noko ho ikkje heilt har tenkt ferdig på forhand. Ho ønskjer at arbeida skal kunne overraske både henne sjølv og andre. Samtidig vil ho at arbeida skal vera mest muleg opne for personlege opplevingar hos publikum.
Bækkelunds arbeid blir til innan ein tekstil tradisjon, men ho ønsker å vera leiken og utforskande i val av teknikk og materiale. Val av materiale har stor betydning for henne, og ho er fascinert av det som andre velger bort, såkalte lavstatusmaterialar (ready made/gjennbruk). Eksemplar på dette kan vera merkelappar i klede, gamle måleband, viskelær, blyantstubbar eller greiner.
Kunstnaren meiner at det ikkje finst nøytrale eller likegyldige materiale. Det å velga uvanlige materiale tilfører dermed arbeida noko ekstra, ei ladning eller ambivalens som blir ei viktig del av det ferdige kunstverket.