27.11.2010—09.11.2011

Olav Garborg

Hurti-SH3213c.jpg

Olav Garborg er født på Bryne i 1937 og er gjennom eit livs virke som fotograf blitt kjend og kjær både i heimkommunen og i distriktet.

Garborgs motivkrets er det nære; folk, natur, kultur. Han har Jæren i blodet, og formidlar det som berre ein som høyrer heime her kan. Men likevel alltid med forskarblikk: Garborg reflekterer over det store i det som tilsynelatande er lite. Han viser oss poetiske landskap i snø og frost. Skyformasjonar, som kaligrafiske tegn på høg himmel . Han held fram det vakre i eit landskap det har tatt hundreår på hundreår med slit å kultivere. Eit av hovudbileta i utstillinga er ei sterk, nærast grafiske avbilding,  av rette plogfurer som samlar seg mot ein lødd steinmur i horisonten. Biletet viser både det som har vore og det som er: i dei snorbeine linjene ligg ei forteljing om år og arbeid før bonden kan sette slike spor i landskapet. Slik ligg det ei dobbel forteljing i mange av Garborgs foto. Den estetiske overflata sett opp mot forteljinga ho skjuler.

Previous
Previous

22.01—20.02.2011 Snøfrid Hunsbedt Eiene