September 2024

Opne landskap - lukka rom

Open Call

Opne landskap -  lukka rom
Me framelskar det opne landskapet, det tilbyr vide horisontar og gode relasjonar. Det frir oss frå stengslar, løgn og bedrag. Det opne landskapet er den gode fridomen, men er det også ein utopi? I kva grad er vår tid prega av trugslar mot det opne landskapet? Er fysiske og mentale konstruksjonar i ferd med å øydeleggja vidsynet og gjera det vanskeleg å navigera?  Kva er det som skjer i den store verda og det vesle livet? Er det nokon som røktar det opne landskapet?

Bryne kunstforeining (BKF) inviterer til Open Call, med søknadsfrist 30. september 2024. BKF planlegg å knytta til seg kuratorressursar med sikte på ein eller fleire utstillingar som tek utgangspunkt i temaet for open call. Utstillingane vil koma på programmet i 2026-27.

BKF stiller primært ut arbeid av profesjonelle kunstnarar som møter eit eller fleire av følgjande kriterier:

- Kunstfagleg utdanning på bachelor-nivå eller høgare

- Delteke i anerkjente jurierte utstillingar, f eks Høstutstillinga, Vestlandsutstillinga m.fl.

- Medlem av kunstnarorganisasjonar som har kunstfaglige opptakskriterier, f eks Norske Billedkunstnere (NBK) eller Norske kunsthåndverkerne (NK)

Det kan gjerast unntak frå desse kriteria. Sjå også BKFs siste Handlingsplan.

Arbeidet i BKF er basert på dugnad. Det er i dei fleste tilfella forventa at kunstnaren deltek i montering og andre forberedande utstillingsaktivitetar. Marknadsføring, transport (rimelig alternativ) eine vegen og forsikring av verk i utstillingsperioden vert dekka av BKF. Ved salg tar BKF 30 % provisjon av salgspris.

Søknadsfrist er 30.9. Søknader vert behandla av kunstnarisk råd og som gir anbefaling til styret. Styret vedtek utstillingsprogram og endringar i dette. Normalt skjer dette innan 1. november. Alle søkjarar får bekrefta innsending av søknad, men berre søkarar som vert antekne for utstilling vert kontakta seinare.

Søknaden skal sendast  på e-post til soknad.brynekunstforening@gmail.com, i emnefeltet slik:

Søknad om utstillingsplass og ditt namn.

Me ber om at heile søknaden vert samanstilt i eit PDF-dokument som inneheld:

- Kortfatta omtale av utstillingsprosjektet

- CV

- 5-10 representative foto med tittel, årstal og teknikk

- Lenke til eventuell video eller lyd (ikkje send video og lydfiler)

Søknader som ikkje oppfyller dei nemnde kriteria og formkrava vil normalt ikkje bli behandla.

Me ser fram til å motta søknaden din!

Previous
Previous

Katrin Rustens og Anniken Jøsok Hessen - Lego / Legō

Next
Next

Mari Kolbeinson og Markus Bråten - Reps, ripples