7.9 - 29.9.2024

Reps, ripples

Mari Kolbeinson og Markus Bråten

Reps, ripples (Repetisjonar, ringverknader) er ei utstilling laga av kunstnarane Mari Kolbeinson og Markus Bråten. I dette prosjektet har dei samankopla sine kunstnarskap for å oppdaga nye materiale, prosessar og metodar for kunstproduksjon.

 

Til utstillinga ved Bryne Kunstforening har Mari og Markus utvikla ei ny gruppe skulpturelle arbeid laga av huntonitt, eik, bivoks, gips, betong og handlaga papir. Startpunktet for arbeidet var Columns, ein skulpturserie Mari laga i 2020. Columns var ein utprøvelse i balanse  - ein serie søyle-liknande skulpturar der plassering og vekt var avgjerande for at verka heldt seg oppreiste. Tidleg i prosessen foreslo Markus å endra premissen for skulpturane ved å laga krybbe-liknande stativ som fasiliterer for å venda og støtte søylene i eit liggjande plan. Ideen om å laga støttestativ for desse skulpturane og moglegheitene dette opnar opp for - har drive retninga til arbeidet med utstillinga.

 

Gjennom repetisjonen av ei form, leik med materiale og felles referansepunkt har dei eksperimentert med korleis objekt med kopling til omgivnadene deira, tidlegare prosjekt og kvardagsliv saman kan *formgi ein skulpturell prosess. Bygningsmateriale lagra i stativ og improviserte støttekonstruksjonar dei har sett på vegen mellom deira heim og atelier, har inspirert det modulære formspråket i utstillinga.

 

Kort om kunstnarane

 

Markus Bråten (f. 1990) er ein biletkunstnar som bur og arbeider i Stavanger. Arbeida hans anlegg ei rekkje materiale og medium, slik som skulptur, videoinstallasjon og maleri/teikning. Bråten tok sin MFA ved Konsthögskolan i Malmö og Maumaus Escola de Artes Visuais, i Portugal mellom 2011 og 2016. Han har sidan dette mellom anna stilt ut ved OBRA i Malmö, Atelier Concorde i Lisboa, Werthalle i Köln og Stasjon K i Noreg. I 2016 vart han tildelt Edstranska Stiftelsens stipend i Sverige. Sidan 2019 har han drive samarbeidsprosjektet Skaus saman med kunstnarane Mari Kolbeinson og Håvard Sagen. Skaus har delteke på International Studio and Curatorial Program (New York), og stilt ut på Oslo Arkitekturtriennale, Rogaland Kunstsenter og ventetomta ved TOU.

 

Mari Kolbeinson (f. 1989) er ein biletkunstnar busett i Stavanger som arbeider med maleri, installasjon og skulptur. Kolbeinson vart uteksaminert med ein Mastergrad frå Kunst- og Designhøgskolen i Bergen i 2015. Sidan dette har ho stilt ut prosjekt i Stavanger Kunstmuseum, Kunsthall Stavanger, Hi10, Studio17, Vestlandsutstillingen og Castor Gallery, London. Kolbeinson er for tida styreleiar i NBK-R og har sidan 2019 drive samarbeidsprosjektet Skaus saman med kunstnarane Håvard Sagen og Markus Bråten. Skaus har tidlegare gjennomført prosjekt ved International Studio and Curatorial Program (New York), Oslo Arkitekturtriennale: Mission Neighborhood, Rogaland Kunstsenter og ventetomta ved TOU.

 

Utstillingsperiode: 7.-29. september 2024

Opningstider laurdag 12.00-16.00, sundag 13.00-17.00

Utstillingsopning: 7. september 2024, 12.00

 

Prosjektet er støtta av Kulturdirektoratet og Stavanger kommune.

 

Previous
Previous

Open Call: Opne landskap - lukka rom

Next
Next

Sofia Eliasson - Persefones hage