6.4 - 28.4.2024
POST VITAM - Etter livet
Einar Sira
Meditasjon over det forgjengelege
Einar Sira er fotograf med ein særprega og konsistent motivkrets. Han tek bilder av døde dyr, døde fuglar og døde planter. Dei fleste opptaka er gjort i ein dam i hagen hans i Sandnes. Objekta er nøyaktig arrangert, Sira har full kontroll med komposisjon, detaljar og lyssetting. Dette er stilleben med kvalitetar som vert samanlikna med verk av kunsthistoriens fremste utøvarar i denne sjangeren, og fotografia til Sira har ei rekkje referansar til kjente stilleben-kunstnarar.
Trond Borgen skriv i om ei tidlegare utstilling: - Her er fugler, dyr og planter i ulik grad av forråtnelse, i bilder som gjør det ekle vakkert, utholdelig. Enkelte fugler, med fjær, eller kun som skjeletter vises med vingene utspent som for å fange døden i flukt. Bunnløsheten i hagedammens vannspeil sluker alt levd liv og trekker det inn i dødens nattsvarte uendelige mørke - det er en evighetslengsel som speiler seg i dette vannet, som, paradoksalt, ikke er stor som universet men bare en liten pytt. Så stor en evighet i det nære.
Einar Sira har utgitt bok og hatt fleire utstillingar med same motivkrets. I utstillinga på Bryne har han i samarbeid med Jens Erland valt ut fotografi som vektlegg motiv der stilla og det fredfulle er i sentrum. Enkelte av fotografia er ledsaga av dikt frå Helge Torvunds forfattarskap.
Einar Sira - Heimeside
Stavanger Aftenblad om Einar Siras utstilling i 2021
Klassekampen om Einar Siras bok - POST VITAM
Utstillingsopning lørdag 6.4 kl 12
Jens Erland held opningstale (les talen her) og Armar og bein har musikalsk innslag
Opningstider lørdag 12-16, søndag 13-17. Utstillinga heng til 28.4