28.5 - 19.6 2022
Turid Steinsland
Av Jord II
Turid Steinsland
Av Jord II
Tekstil - ulike teknikkar
Turid Steinsland er utdanna ved Statens lærarskule i forming og Bergen kunsthandverkskule. Ho har hatt fleire separatutstillingar mellom anna på Hå gamle prestegard i 1991 og 2001, Fotland Mølle i 1999 og 2005, og Bryne kunstforening 2014. Ho har delteke på Vestlandsutstillinga, Haustutstillinga og andre kollektive utstillingar. Steinsland bur og arbeider på Bryne.
Turid Steinslands arbeid har rotfeste i den svarte jorda på Jæren og kunstnaren har stor omsorg for det som veks og alt liv som spinn ut av voksteren. Ho brukar ulike tekstile teknikkar som biletvev, fletting, bretting, broderi og strikking og arbeider med eit stort spenn av naturlege og syntetiske material.
Turid Steinslands utstilling i 2014
Opning 28.5 kl 12 i Bryne mølle
Musikk - Erle Braut Ueland og Eivind Landro
Opningstale - Kirsti Sandved
Utstillinga heng til 19.6.2022
Ope laurdag 12—16 / sundag 13—17.