10.09—03.10.2021

Ananda Serné

Slow - wave

IMG_Serne.jpg

NO

a. Til utstillinga slow-wave har Ananda Serné samarbeidd med vokalensemblet Song Circus på ein firekanals lydinstallasjon. Stemmene speglar og etterliknar lyden av vatn. Verket refererer til lydlandskap som søker å styrke søvnkvalitet og simulere ASMR ( ei oppleving karakterisert som ei statisk eller prikkande kjensle mot hud som typisk startar i hovudbotnen for så å bevege seg ned mot nakke og ryggrad).

b. “Slow-wave sleep” er den djupaste fasen av non-REM-søvn.

c. Fargane på tekstilane kjem frå cyanotype, indigo og eit blått pigment funne i cyanobakterier. Blågrønnbakterier eller cyanobakterier er dei enklaste organismar som har ein døgnrytme.

d. Korleis co-ekstiserer døgnrytmen til cyanobakterier og den menneskelege rytmen?

e. Onomatopoetikon eller lydord: ord og nemningar i språket som hermar naturlege lydar. Bloop, splish, splash, sprinkle, drip, drup, drizzle, dryss, drypp and spray.

f. Kan det vere slik at onomatopoetikon, saman med rørsler og lydar kan utfordre lingvistiske konvensjonar og utrykke kommunikasjon mellom forskjellige organismar?

g. Glasbitane refererer til Daphne Orams arbeid, ho var den fyrste kvinna som designa og laga eit elektronisk instrument. Hennar Oramics-teknikkar besto av eit musikalsk språk av måla bølgeformar som vart omsett til lyd.

EN

a. For the exhibition slow-wave, Ananda Serné collaborated with vocal ensemble Song Circus on a 4-channel sound installation. Voices mimic the sound of water and pronounce water onomatopoeia. The work refers to soundscapes that aim to improve sleep quality and trigger ASMR (a tingling sensation on the scalp in response to certain sights, sounds, or textures).

b. "Slow-wave sleep" is the deepest phase of non-rapid eye movement sleep.

c. The colours of the textiles derive from cyanotype, indigo and a blue light-harvesting pigment found in cyanobacteria. The cyanobacteria is the simplest organism currently known to have a day- and night rhythm.

d. How does the sleep-wake rhythm of cyanobacteria exist alongside the rhythm of humans?

e. Onomatopoeia: a word that phonetically mimics the sound it describes. Bloop, splish, splash, sprinkle, drip, drup, drizzle, dryss, drypp and spray.

f.  Might onomatopoeia, along with gestures and different sounds, be able to challenge linguistic conventions and mediate communication between different beings/organisms?

g. The pieces of glass draw from the work of Daphne Oram, the first woman to design and construct an electronic musical instrument. Her Oramics technique consisted of a musical language of painted waveforms that translated into sound.

Opning 10.september kl 18-20 i Bryne Mølle.
Utstillinga vil vere open frå kl.17:00 på opningsdagen 10.9. Då vil ein få høve til å oppleve lydverket i fred og ro før kunstnarsamtalen.
Ope laur 12—16 / søn 13—17

portrait_AnandaSerné.jpg

Ananda Serné (1988, NL) er ein kunstnar busett i Stavanger, Norge.
Nylege utstillingar og prosjekt inkluderer: Fotogalleriet, Oslo, NO; Galleri CC, Malmö, SE; Titanik Gallery, Turku, FI; Stavanger Kunstmuseum, NO; Vestlandsutstillingen, Kunstmuseet KUBE, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Kunsthall Stavanger, NO; Galleri 54, Göteborg, SE; Bamboo Curtain Studio, Taipei, TW; Art Rotterdam, NL; Skaftfell Center for Visual Art, Seyðisfjörður, IS; Høstutstillingen, Kunstnernes Hus, Oslo, NO; Studio17, Stavanger, NO; Tenderflix Film and Video Prize, Tenderpixel, London, UK.
Dei neste planlagde solo utstillingar er på PuntWG i Amsterdam, Konstepidemin i Gøteborg and Norsk Billedhoggerforening i Oslo.

Ananda Serné CV
Ananda Serné heimeside

 
 

Utstillinga er støtta av

Kulturradet_Svart liten.jpg
stvgkommune_liggende_logo_sort.png
Previous
Previous

21.10—14.11.2021 Bruno Krauskopf

Next
Next

08.05—15.05.2021 Sven Undheim