20.11—12.12.2021

Arna Kristine Lund-Johnsen

Sammenvevde observasjoner

I «Sammenvevde observasjoner» møter vi tida, eller fråværet av den. Dei intrikate samanstillinga av veva foto stiller spørsmål ved vår evne til å sjå foto som forgjengeleg eller som eit foreviga augeblink.

I denne utstillinga arbeider Lund-Johnsen med  papirfoto som ho har strimla opp for hand, for så å flette dei saman igjen. To eksemplar av kvart fotografi blir strimla opp i kvar si retning før dei bli veva saman, som ei slags dobbeleksponering.  

Til grunn for desse nye arbeida ligg observasjonar frå ei rekke reiser frå dei siste sju åra. Tidlegare har ho vore oppteken av å fange det umiddelbare eller det gjenkjennelege mellom menneske – alltid konsentrert rundt tida vi deler med kvarandre. I desse nye verka er det fråværet av personar som gjev verka si tolking av tid. Dette er ei undersøking av ro og stille – opplevinga av rommet som blir fotografert og observasjonane i etterkant. Kven var her? Kva snakka dei om? I dag der alle fotograferer – og ikkje minst deler bilete i sosiale medium dagleg – bruker Lund-Johnsen vekevis på eitt motiv. Ho går inn i kvart motiv, vel ut og arbeider med fotografia til ho finn den kjensla av tid, tapt eller vunnen, ho er ute etter. Det er hendene hennar som til sjuande og sist arbeider med fotografia, ved at ho har strimla opp papirfoto for hand før ho vever dei saman igjen. Dette kan sjåast på som ei poetisk handling som står i sterk kontrast til korleis vi har blitt vande til å sjå på, dele og behandle fotografi.

Kort om kunstnaren

Arna Kristine Lund-Johnsen jobbar med foto som utgangspunkt for prosjekta sine. Felles for prosjektet er tid, tematisk eller teknisk, og gjerne i kombinasjon. Ho jobbar med vovne fotografiar som tekstilar, eller som reint fotografi framkalla i mørkerom. I det siste har ho jobba med å veve saman papirfoto. 

Lund-Johnsen har stilt ut ved Statens utstilling Høstutstillingen, Trøndelagsutstillinga, GAD Galleri, Ålesund Kunstforening Parken, Nordic Light International Photofestival, Galleri Dobag og Kristiansund Kunstforening.

 

Skrevet av Elizabeth Schei

Sammenvevd gardin - Arna Kristine Lund-Johnsen

Sammenvevd fasade - Arna Kristine Lund-Johnsen

Opning laurdag 20.november kl 12 i Bryne Mølle.
Fotoveving verkstad kl 14 med Arna Kristine Lund-Johnsen.
Kunstnaren demonstrerer fotovevings prosessen, og gjer deg høve til å laga ditt eige.

Verkstaden er gratis og ope for alle.  

Utstillinga står til 12.desember. Ope laurdag 12—16 / sundag 13—17.

Arna Kristine Lund-Johnsen CV
Arna Kristine Lund-Johnsen Norske kunsthåndverkere

Prosjektet er støtta av

Next
Next

21.10—14.11.2021 Bruno Krauskopf