26.11.2011—08.01.2012
Jan Kjetil Bjørheim
I denne utstillinga viser kunstnaren pigmentbilder, objekt og video.
Bjørheim ser på sin kunstpraksis som ei interdisiplinær utøving. Han arbeider både organisatorisk, som kurator og som utøvande kunstnar, og dreiv i fleire år den kunstnerstyrte visningsstaden Brusand stasjon saman med Elizabeth Croft.
Kunstnerskapen har utgangspunkt i ei eksistensiell undring og samfunnsmessig engasjement, og gir han fridom til å utforska ulike uttrykk og teknikkar. Nokre gonger nytter han tekst, andre gonger handling eller material. Vekslinga gir utfordringar i forhold til mulege motsetningar mellom ein hyperestetisk finish og opplevelinga av å blottstilla seg sjølv psykisk.
Vi har alle våre undringer. Steder vi brenner, og steder vi slukner. Opplevelser av at møter, mennesker og makt skaper mening og at livet er stort. Så er det utfor igjen, begrepene slukner, noe grunnlegende perverst våkner. Det er som jeg mangler evnen til å bevare gleden, storheten. Det er i dette rommet jeg jobber, i disse skapene jeg leter. Noen ganger holder jeg genius i halen, andre ganger ser jeg bare vegger. Jeg er en samling motsetninger, mellom makt, begjær, og et brennende ønske å være noe, - Jan Kjetil Bjørheim
Fleire foto på Jan Kjetil Bjørheims heimeside.
Jan Kjetil Bjørheim er opptatt av perspektiv – det at me finn det mest umuleg å sjå verda frå eit anna synspunkt enn vårt eige. Dei seinare åra har han arbeidd med video, skulptur, installasjon og maling. Han interesserter seg for korleis maling kan flyta og blanda seg, og har undersøkt forskjellige medier og metodar. Nokre av resultata vert nå presenterte i Bryne kunstforening, og er laga spesielt til denne utstillinga.
I utstillinga inngår tre element: ein installasjon, malerier og videoarbeid. Skulpturen er ei stor, rund kiste, som er satt saman av omtrent 50 mdf-ringar. Formen kan minne om ei bikube eller ein kokong, som passar til ein vaksen kropp. Kista handlar om død, gjenføding og transformasjon. Den runde forma konnoterer òg omgrepet retning eller mangel på retning (forventning). Skulpturen forheld seg til ”sommerfugl-maleria” i utstillinga, og stiller spørsmål ved våre oppfatningar om døden og livet etter. ”What seems like death to the caterpillar, appears as birth to the butterfly”.
I maleria tar Bjørheim utgangspunkt i Rorschachs test, The Rorschach Ink Blot Test, kor psykologen viser pasienten abstrakte former og spør: ”Kva ser du her?” Rorschach meinte assosiasjonane kunne gi ein ide om korleis me ser verda, og at han som psykolog dermed kunne forma ei mening om ein pasient.
Alle maleria i serien er diptych, det vil seie to maleri som er presenterte ved sida av kvarandre. Nokre av dei framstår som gjensidige spegelbilete.
Det siste elementet i utstillinga er tre videoarbeid. Dei handler òg om flyt, forventning og retning. Dei framstår som mystiske og urovekkjande, men er åpne i forhold til tolkninga – slik ”ink plot-bileta” òg er.